Stordal Båteigarlag

HAVNEREGLEMENT STORDAL BÅTEIGARLAG

§ 1. Styre og hamneansvarlig skal ha ansvaret for at hamna er i forsvarlig stand til en kvar tid, og skal sjå til at reglane for hamneanlegget vert overhalde.
Hamneanavarlig fører oversikt over båteigarane som har plass i hamna, og melder eventuelle endringar til styret.

§ 2. Fortøyingsanordningar kan leggast ut berre etter styrets tilvisning og godkjenning. Båtane skal ha minst 2 fenderar på kvar side og elles vere forsvarleg fortøydd. Ved uver må eigar av båten sjå til at ekstra fortøyingar blir lagt ut om nødvendig. Skader som båten påfører hamneanlegget, må eigaren koste og reparere etter styrets tilvisning. Skader eller uregelmessigheiter på hamna plikter båteigar utan opphald å melde frå til styre.
Alle båtar skal vere ansvarsforsikra. Styre kan fråvike kravet dersom det kan virke urimelig i enkelte tilfelle. NB ! Båteigarlaget har ingen forsikring eller ansvar overfor båteigar ved havari av bryggene

§ 3. Fortøyingsplassen skal brukast av det medlem som har fått tildelt plassen. Dersom båteigar for kortare tid ikkje brukar sin plass, kan den leigast vekk  av styre. Byting av plassar skal godkjennast av styret.Styre kan flytte båtplassen din dersom det er mest hensiktsmessig for laget Dersom du har behov for straumtilkobling ,skal det godkjennast av styre. Målar skal benyttes, og skal avleses og meldast til styre/sekretær i Mai. Bruk av handverktøy og batterildding er fritatt. Medlemmane har vidare plikt til å sjå til at uvedkomande farty verte halde vekk frå anlegga. Korttidsopphald i hamna skal avgjerast av styre. Dersom eit medlem ikkje har nytta sin plass siste året, og etter førespurnad heller ikkje har vore viljug til å stille plassen til styrets disposisjon, kan styret løyse inn plassen.

§ 4. Båteigar skal vere aktsam ved manøvrering i hamneområdet. Bruk av båten, størrelse, utstyr og fortøyingsanordningar må ikkje vere slik at den er til sjenanse for andre, eller til skade for anlegget. Tvistar mellom båteigarane leggast skriftleg fram for styre, som tek avgjersle etter beste skjøn. I alvorlige tilfelle kan saka leggast fram for årsmøtet.

§ 5. Ved dødsfall, kan etter skriftlig søknad til styret, ein båtplass overdragast til ektefelle eller barn.

§ 6. Ved større utbyggibgsplaner, skal dette leggast fram for årsmøte for godkjenning.

§ 7. Hamneområdets gjestebrygger skal av medlemmane berre brukast til ombord- og i land stigning

§ 8. Opp- og utsetjing, transport og opplag av båtar i hamna skjer på eige ansvar. Styret eller båteigarlaget tek ikkje på seg ansvar ved bruk av båtplassar eller utstyr i hamna. Opplag av båtar på lagets område må berre skje etter avtale med styre.

§ 9. Brot på desse reglane, eller på påbod gitt av styret, kan medføre bortvisning frå hamna. Medlemen si eigenerklæring om å overhalde lagets vedtekter vert i så fall gjort gjeldande. Styret vil, kunne foreta sal eller kondemnering av båtar etter at lovbestemte fristar er gått ut.

§ 10. Dersom hamneavgift ikkje er betalt i rett tid, jf § 5 i lover for SBL,, vert båteigaren varsla i rekommandert brev, og vert gjeve 14 dagar til å ordne opp sitt forhold. Er ikkje forholdet ordna etter fristens utløp, vert båtplassen å sjå som oppsagt. Er båtplassen tilknytt delobligasjon, vert den også å regne som oppsagt, og kan løysast inn av foreininga.

Godkjent på årsmøte 28,03,2014

 




Kontakt:
Båteigarlaget

Roger Hauge

Mob. 91388837
John Peder Hove
Mob. 99737079
Johan Vinje
Mob: 90641368

Sist endra 14.04.2013     Webmaster
.