Stordal Båteigarlag

Nyhende

13.03.2015
Årsmøte 2015
Det har vore  gjennomført 4 annonserte  dugnader  og i tillegg til dette har styre  utført ein del vedlikehald.
Det er utført til saman  150  dugnadstimar.  Så dugnadsånda har vore bra.
Utanom  ein del vedlikehold på bryggene, har vi  fått stramma opp gamle tampar, og fått lagt ut nokre nye og store tunge lodd, Har også fått opp 4 nye straumsøyler på medlemsbrygga.
Les meir i årsmelding og årsmøtereferat (vedlagt i word-dokument)

15.03.2013
Årsmøte 2013: Roger Hauge vart gjenvalgt som leiar.
På årsmøte vart det einigheit om å kutte ut hamnestyret og i staden velge eit styre på 5 personer der ein i styre skal vere ansvarlig for hamna. Det nye styret er Roger Hauge som leiar, John Peder Hove nestleiar, Arnt Ludvigsen hamneansvarlig og Knut Bertil Støle og Bjørn Busengdal. Johan Vinje regneskap/kasserer. Les meir i årsmeldinga og årsmøtereferatet (vedlagt i Word-format).

16.03.2012
Årsmøte 2012: Roger Hauge gjenvalgt som leiar
Roger Hauge vart på årsmøte gjenvalgt som leiar. Med seg i styret har han John Peder Hove, Kjell Tjønnøy, Knut Steinar Dyrkorn og Bjørn Busengdal.
Årsmeldinga viser at laget driv svært aktivt. Det er ventelister på båtplass og i fjor hadde gjestebrygga nærare 800 gjestedøgn. Det har vore utført nærare 160 dugnadstimar. Les meir i årsmeldinga og årsmøtereferatet(vedlagt i word-format).

18.03.2011
Årsmøte 2011: Mykje bra arbeid utført i 2010
Varmeovner under taket /veranda på gjestebrygga, 2 gangbare utriggara, nytt rekkverk rundt kaia, er blandt forbetringane som vart gjort i fjor. Båteigarlaget hadde årsmøte med fiskesuppe og sosialt samvære 18. mars.
Les meir i årsmeldinga 2010 og årsreferatet(word-dokument).

7.04.10
Årsmøte 2010: god dugnadsånd i laget
10 medlemmar utanom styret deltok på åsmøtet til båteigarlaget fredag 19. mars. Rekneskapet viser at inntektene på gjestebrygga har gått litt ned, men laget er godt nøgde likevel. 7 dugnadar med tilsaman 257 dugnadstimar har vore gjennomført.
Roger Hauge held fram som leiar, John Hjelmseth gjekk ut av styre og Bjørn Busengdal kom inn. Elles er styret det same.
Vedtektene vart endra, les dei gjeldande reglane under Vedtekter.

Les meir i årsmeldinga og årsmøtereferatet(word dokument).

29.04.09
Årsmøte 2009: Roger Hauge ny leiar
På årsmøtet 24. mars vart Roger Hauge valgt til formann etter at Knut Steinar Dyrkorn  sa frå seg attval.
Med seg i styret har han John Peder Hove, Kjell Tjønnøy, John Hjelmseth og
Knut Steinar Dyrkorn. Rekneskap/sekretær Johan Vinje. I hamnestyre Kjell Arne Midtbust, Per Arne Søvik og Johan Bernt Øvrebust.

Årsmeldinga viser at laget driv svært aktivt. På medlemsbryggene er det ventelister på båtplass og på gjestebryggene har det vore nærmare 700 gjestedøgn og til tider ganske fullt.
Dette viser at hamna er svært attraktiv.

Dugnadånda er det heller ikkje noko å seie på. Det har vore utført nærmare 160 dugnadstimar. Sist sommar vart hamna utvida og fleire  brygger vil bli lagt ut til våren.

Les referat frå årsmøtet her.

Fleire Nyhende i Arkivet




Kontakt:
Båteigarlaget

Roger Hauge

Mob. 91388837
John Peder Hove
Mob. 99737079
Johan Vinje
Mob: 90641368

Sist endra 14.04.2013     Webmaster
.